Å aksepterast som den ein er

helge-torvund

Profilfoto: Morten Brun.

Tenk om du kunne møte nokon som sa at dei godtok deg slik du var. At du var tilgitt alle dine feiltrinn og desse skammelege karaktertrekka dine som stadig får deg til å gjera ting du føler er galt. Gjerningar som sårer andre og framstiller deg som ein person du er pinleg klar over at ingen eigentleg kan like. Du veit, du har ofte tenkt at, ja, dei seier dei liker meg, men dei skulle bare visst. Hadde dei verkeleg kjent meg, verkeleg visst korleis eg er, så hadde dei nok ikkje likt meg lenger. Det hadde i alle fall ikkje eg gjort. Eg liker ikkje meg sjølv. Og det med god grunn.

Å så tanken på at det verkeleg skulle finnast nokon der ute ein stad, som sa: kom som du er! Eg elskar deg utan omsyn til kva du har gjort, kva du gjer eller kjem til å gjera. Tenk om du kunne møte ein person som såg på deg med kjærleiksfulle augo og sa: For meg er du god nok som du er.

img_0011
Hold rundt meg

Du merker at det måtte vore ein Buddha eller Jesus eller rett og slett Gud det der. Dersom nokon verkeleg skulle seie dei orda der. Ord som ville løyst deg ut og frigjort deg frå all skyld og skam og gitt deg ei kjensle av at du faktisk er heilt OK. Det er ikkje noko gale med deg. Det er ikkje slik at du må forandra deg på ein bestemt måte (som du eigentleg veit veldig godt at du ikkje får til, uansett)  for at denne personen skulle lika deg. Ja, beint fram elska deg.

Eg har godt nytt til deg. Den personen finst. Men det er ei hake ved et heile. For den personen er ikkje verken Buddha, Gud eller Jesus.
Det er deg sjølv.

img_0018
Kvinne ser ut av vindu

Det er du som har denne muligheita, makta, evnen til å frigjera og løysa deg frå så mykje dritt. Men betyr ikkje dette nettopp at du må gjennomgå ei slik endring som du ikkje er i stand til. Som du veit så forbanna godt at du ikkje klarer? Kanskje. Kanskje ikkje.

Eg trur du fikser det. Eg trur du kan verta overtydd om at det kan gå, og sjå i korte glimt at det er heilt rett. Du er eit ikkje perfekt menneske. Du har mange feil og du har gjort mykje mot andre som du gjerne skulle ha ugjort. Alt dette er sant nok. Men korleis kan du då akseptera deg sjølv? Korleis kan du godta at du er god nok slik du er? Er ikkje bare det bullshit frå folk som har levd pene og pyntelege liv?
Nei, det trur eg ikkje. Eg trur ikkje det finst nokre pene liv, eg. Alle har sitt. Og du har ditt.
Men me er bare menneske. Me er bare verkelege dersom me lever som menneske, og det vil seie at me gjer våre feil. Igjen og igjen. Men så kan ein altså brått innsjå; det er ikkje noko gale ved meg. Eg er som eg er og slik er det. Det er godt nok.

img_0009

Her er me. Denne augneblinken er vårt eigentlege liv. Det er nok å vera til, så er du til. Det er nok å trekkja pusten, så er du del av den store samanhengen. Dette er deg. Ingen kan dømma deg. Eller, visst kan dei det. Dei dømmer og vurderer og står i. Me veit jo det. Men det som kan skje, er at du sluttar å dømma. Du kan slutte å vurdera andre menneske sine handlingar.

park_bench
Park Bench

Bare observer det som skjer. Aha! Nå skjer dette… Nå gjorde ho det… Nå gjekk han bort dit… Nå sa den gamle det… Øv deg på å følgje med. Legg merke til kva som skjer. Men dropp vurderinga; ikkje tenk på om det var greitt eller dum eller heilt på tryne. Bare tenk: Eg dømmer ikkje. Det er ingen som forlanger at eg skal gå rundt å avgjera kva som er rett og galt. Frå nå av skal eg bare sjå på kva som skjer og leggje merke til det. Det blir ikkje lett, det kan eg lova deg. Me er opplærte til to ting. Grundig opplærte; til å vurdera ting, og til å tenkja at alt er anten/eller. Anten er det galt, eller så er det rett. Anten så er det dumt eller så er det klokt. Anten så er eg vellykka, eller så er eg totalt mislykka.

Det er ein måte å tenkja på, dette. Ein måte å bruke språket på.
Men det er ikkje eigentleg slik det er. Det er ikkje eigentleg slik du er. Du er ikkje mislykka eller vellykka. Du er deg. Og du er til. Og du finst på ein måte utanfor dette språket og desse vurderande tankane. Du bare er der. Hei! Her! Er!

img_0003
føtter i kløver

Om me kan gløyme slike båsar og kategoriar, galt – rett, dumt – klokt, og av og til bare vera til. Gå. Sjå. Kjenne.

Då kan me ta dei første stega i retning av det å faktisk akseptera oss sjølv. Ja, akseptera at ting er som dei er. Slik er denne verda. Her er det altså me bur. Her er det altså me held til. Du verden!

Men, kan du seie, du kan vel ikkje meine at det ikkje er slik at det ikkje finst noko som er gale? Dersom eg køyrer på feil side av vegen, då merker eg jo fort at det ikkje er like rett som å køyre på den andre sida?
Jau, det er sant. Eg er sjølvsagt klar over det. Og visse slike ting må me forhalde oss til og passe på. Det er opplagt. Sjølv om det ikkje er like opplagt at det er nett den sida av vegen som er den rette, og den andre er feil. I England tenkjer dei heilt motsett. Så det er altså uansett bare noko ein vert einig om. Slik vil me ha det.

Du er ikkje feil. Nokon kan meine at du har gjort feil ting. Nokre kan til og med meine at det er noko gale med deg. At du er gal. Men det blir ikkje slik fordi om nokon meiner det. Det er ikkje slik.

urban_butterfly
Urban Butterfly

Du kan gå bort frå den store trafikkerte vegen der alle tenkjer på same vurderande måte, og ta inn på ein liten sti der alt bare er som det er. Og du kan sjå tinga i eit klårare lys. Ah! Ein sommarfugl! Ein gul sommarfugl som flimrande flyg forbi deg. Og sjå der; eit samankrølla papir etter ein oppeten kroneis! Ein stein, eit avtrykk etter ein traktor, ein ihelkøyrt frosk, asfalt og grus og husvegger og bussar! Du verden!

sunny_bench
Benk i solen

I dag sat eg på ein benk i ein halvtime og såg på slike ting som eg har sett på heile livet. Borken på ein furustamme. Sanden mellom graset ved stien gjennom skogen. Eg SÅG dette brått. Furustammen med alle sine varme fargenyansar; brunt, gult, grønt, rødleg. Og sanden med alle sine nyansar av grått og blått. Sjå her, sa denne verda til meg. Me har vore her så lenge du har levd. Ser du oss? Er me feil? Er me korrekte? Nei, me bare er her. Nett som du. Velkommen til verda. La oss vera her saman.

Sa furua.

24 thoughts on “Å aksepterast som den ein er

  1. Knut Arne Øye says:

    Ja dette er ting som en fort kan glemme i et travelt liv med med opp og nedturer. Og stoppe opp slik som artikkelen/blogginnlegget nevner, det er ikke noe en lærer på skolen. Det er til og med sjelden en lærer slikt i oppdragelsen. Min erfaring er at det er medisin å reflektere slik. Uavhengig om man føler seg slik eller slik. Virkelig godt og klokt skrevet Helge Torvund

    • helgetorvund says:

      Takk Knut Arne! Fint sagt at det er medisin! Det trur eg òg. Å reflektera over desse tinga, på øva seg til å vera tilstades, og gjerne det å skriva noko om det òg, slik eg har vist i mine foredrag og kurs i poesiterapi, det ER medisin; billig og verksam. Men sjeldan å sjå på resept.

    • helgetorvund says:

      Hei, Reidun!Ja, me har heldigvis alltid eit høve til å prøva på dette. Det er ikkje så farleg om me ikkje alltid får det til, for det kjem nye anledningar i eitt sett. Takk for kommentaren din.

  2. Frodenj says:

    Flott skrevet :-)Har trua på at enn må like seg selv, da er det lettere at andre og liker deg. Positivitet fører til mer positivitet.. 🙂

    • helgetorvund says:

      Ja, Frodenj, du er inne på noko vesentleg der. Å byggje opp seg sjølv, det skjer ikkje på eit blunk, men for kvar gong ein skapar eit litt meir positivt syn på seg sjølv, så endrar noko seg, som andre òg vil merka og reagere på. Eg har skrive meir om desse tinga i ei bok som heiter «Sjelsord.» Den bør ein kunne få på biblioteket.

    • helgetorvund says:

      Hei, Wenche!Takk for at du tok deg tid til å legge inn eit hjarta som respons på innlegget mitt. Eg får høyra at det er 6000 som har vore inne og lese dette, og du er altså den eine som har lagt inn eit hjarte! Det vert sett pris på.

    • helgetorvund says:

      Hei, Sigmund! Eg måtte smile over denne tilbakemeldinga. Eg trur aldri nokon har sagt før at dei nesten vart svimmel av noko eg har skrive. Det likte eg godt å høyra. Eg har tenkt mykje på det eg skriv om, men det er likevel svært fint å høyre at det vart oppfatta som klar tale. Det er ikkje lett å skrive klart om dette. Så takk til deg!

  3. MT says:

    Takk for gode, kloke ord og vakre bilder. Orda gjekk rett inn i min dag i dag. Sommarfuglen, eit symbol for meg på endring frå det som ikkje er så bra, på mange vis,puppen, til det gode, vakre kun av nåde.Å vere god med og mot seg sjølv,-og andre, ei viktig oppfordring.
    Eg er glad for at ein twittrar,frk-madsen, anbefalte dette innlegget ditt, slik at eg no kan abbonere på bloggen din, lese og glede meg over godt tankegods. Takk!

    I bryllaupstalen til son min og hans viv siterte eg ord av deg 🙂
    Mvh Marie, med ein klem attpå

    • helgetorvund says:

      Vel, Marie, det er hyggeleg at du likte innlegget, og svært fint å høyra at ting eg har skrive vert nytta i slike viktige samanhengar. Dette er nok ikkje min blogg, eg er her som gjesteskribent, og kanskje kjem eg attende med meir. Sommarfuglen er eit fint symbol, og ein like fin ting i den verkeleg lufta. Lauken er òg eit symbol eg ofte har nytta i hypnose til dømes, for å få folk til å stole på at ting gror og ting skjer, sjølv om det ikkje er synleg.Takk for kommentar.

      • MT says:

        Ja, eg oppdaga det ganske raskt at bloggen ikkje var din då eg kika meg litt rundt.Har lest innlegga og her er mange flinke skribentar og flotte foto til. Ein spennande blogg å fylgje 🙂
        God helg!

    • helgetorvund says:

      Hei, Håkon!Ja, du seier noko. Eg har arbeidd som psykolog i skulen i om lag 20 år, og det har nok hendt at eg har tenkt litt i dei banane. Eg har fundert litt kring det å lage ei slags lærebok kring desse tinga. Men førebels har redsla i samanheng med tanke på at dette skal verta «keisamt skulestoff» servert av ein lærar, halde meg frå å gjera noko meir med det.

  4. Cecilie Røed says:

    Det er en ren fryd å lese ordene dine. Alle! Det er akkurat det jeg selv kunne ønsket å få sagt! Så rent sagt nydelig at de er å lese! Tusen takk! Den allmenmenneskelige lidelse som er roten til så mange vonde og vanskelige strategier. Bare det å forstå at dette er helt alminnelige tanker gjør en stor forskjell for veldig mange. Du er en klok mann!

  5. Lise Aanestad says:

    Å, så fint, inn i natta, … og strax før eg las orda dine, Helge, om kven eg trong å møte, og aksepterast av … forsto eg …, det var møtet med MEG det handla om, dette, at EG aksepterer MEG, seinkar skuldra. Takk for desse rundane, du, filosof og skribent, som når oss. Lise

  6. Susanne V. Skram says:

    Fine ord, de treffer godt. Veldig kjent. Det er så lett å rote seg bort i rett og galt, snill og slem, god og dårlig…osv. Svart-hvitt. Jeg er så heldig, at jeg har kommet meg litt inn på den stien, at jeg aner grånyansene. Hvitt og svart slår fortsatt litt gjennom, innimellom, men ofte viskes de sterkeste grensene ut og alt er akkurat som det er. Som regel mest hvitt 🙂 Og jeg er så glad for at jeg fant det ut så tidlig…

    Takk for at du deler sånne fine tanker og meninger, og kan hjelpe og inspirere oss andre.

  7. Nils says:

    Få opp kontrasen mellom teksten og bakgrunn så skal dere se at flere gidder å lese hele artikkelen

  8. Jens Erik Bergh says:

    Fint, kraftig og sart! Ja , slik er vi mennesker. Vi er fine som disse orda. Vi er det som gjør oss til mennesker, vi gjør feil. Det er slik vi lærer noe om oss selv. Innsyn kommer utenfra, ofte igjennom noens øyne, særlig i nære relasjoner. Hvis vi ikke tar lærdom vil vi fortsette å gjøre feil. Helt til vi blir utsatt for det samme. Da forstår vi brått og kan begynne å se på oss selv, at slik vi behandler andre, behandler vi oss selv. Da kan vi begynne å elske. Behandle oss godt , gjøre mot oss selv slik vi vil bli behandlet, begynne å elske feila våre også. Det er jo de som har ført oss hit. Vi er kraftige men veldig sarte og må behandles deretter!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *